Vandreutstilling om kystgeita
Invitasjon til lån av vandreutstillinga Vandreutstillinga «Kystgeita i Selje» er produsert av Norsk Landbruksmuseum og Nordfjord Folkemuseum Musea i Sogn og Fjordane i 2009, med støtte frå Norsk kulturråd, Norsk Genressurssenter, Norsk Sau og Geit, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Selje kommune.
Utstillinga formidlar kunnskap om kystgeita og kystgeithaldet i Selje.

Stikkord for rasen : Meir kjøtfylde, sterke bein og tett underull og ragg.
Kystgeita er definert som ein utryddingstruga geiterase som det enno finst att nokre få flokkar av i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I Selje kommune i Sogn og Fjordane finn vi enno kysgeithald som ein levande og ubroten tradisjon, noko som er unikt i dag.
Stikkord for tradisjonelt kystgeithald : Gjekk ute heile året, vart ikkje mjølka, kjøt frå kastrerte bukkar, åt tare i fjæra og lyng på fjellet.
Stikkord for rasen : Meir kjøtfylde, sterke bein og tett underull og ragg.
Det er funne omtale av kystgeithald attende til 1700-talet, og denne driftsforma var truleg mykje utbreidd over store delar av Vestlandet.
Utstillinga inneheld : 10 banner med tekst og bilete, framvisar og dvd med innslag frå Dagsrevyen, utstoppa kystgeit og kystgeitkje, geitehorn, underull, smelta feitt og fleire skinn frå kystgeit. Det er også produsert puslespel og postkort med kystgeitmotiv og det er laga utstillingsplakat og informasjonsbrosjyrar til utstillinga.
Lånar av utstillinga skal betale frakt til neste utstillingsstad og ev. ei minimal leige.
Interesserte kan vende seg til denne epostadressa : ingrid.berger@nordfjord.museum.no for meir informasjon.
http://www.landbruksmuseet.no/?viewID="27727
http://www.firda.no/nyhende/article4828028.ece
http://www.dyrevelferd.info/view_article.asp?id="71
http://www.skogoglandskap.no/Artsbeskrivelser/kystgeithttp://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/aktuelt/nyheter/2010/jan-10/Genressursar-Betre-tider-for-kystgeita.html?id=592472