Arbeidsgruppa

Under det årlege nettverksmøtet i 2023 i Valdres vart det sett ned ei arbeidsgruppe som skulle sørge for aktivitet i nettverket knytt til formidling, forsking og utvikling av FoU-prosjekt det neste året.

Den opphavlege arbeidsgruppa bestod av Anne Marit Noraker (Valdresmusea), Ole Aastad Bråten (Valdresmusea), Kristina Skåden (Lillehammer museum), Knut Ola Storbråten (Anno), Cecilie Rørstad (Viti), Ellen Fauske Bleness (Anno) og Mons Kvamme (tidl. MuHo) og Therese Nesset (MiSF).

I ettertid har Marit Adelsten Jensen (MuHo), Siri Haugum (MuHo), Anne Jorunn Frøyen (Jærmuseet) og Trude Knutzen Knagenhjelm (MiSF) blitt med i arbeidsgruppa.

Medlemmane i arbeidsgruppa har vore viktige bidragsytarar til søknadsskriving, formulering av høyringsinnspel til Riksantikvaren sitt utkast til ‘Bevaringsstrategi for landbrukets kulturmiljø’ (som ligg i arkiv), innspel til innhald og planlegging av dei årlege nettverkssamlingane, og andre faglege innspel.

På eit møte i 24. oktober 2024 vart arbeidsgruppa samde om å halde fram vidare. Arbeidsgruppa skal bidra til kontinuerleg aktivitet i nettverket og vera ein fagleg ressursgruppe og møtast ved behov. Endringar av medlemmer i arbeidsgruppa vil skje ved behov, og gruppa er open for fleire medlemmer.