Genressurs

Kategori:

Bygg

Mange museum arbeider med å ha sine historiske bygningar i eit historisk rett kulturlandskap, enten det er rekonstruksjon på eit friluftsmuseum eller det er bygningar i autentiske miljø. I slike samanhengar må vi og vurdera kva dyr og planter vi omgjer bygningane med.

Norsk genressurssenter arbeider for å sikra ei effektiv og bærekraftig forvaltning av nasjonale genressursar i husdyr, planter og skogtre.

I samband med samlinga i Rørvik 2010 inviterte dei  til større samarbeid om bruk og bevaring av historiske planter og genressursar på museumsområde.

Genressurssenteret kan støtte opp med historiske planter og informasjon om dei, støtte informasjonstiltak og elles vere samarbeidspartnar i prosjekt som har med plantene å gjera.