Skip to main content

Handlingsplanar

Kva er nasjonale museumsnettverk?

Museumsreforma er bakgrunn for opprettinga av nasjonale museumsnettverk. Det er eit overordna mål at alle musea som i framtida får statlege driftstilskot, skal inngå i eitt nasjonalt nettverk. Målet med nasjonale museumsnettverk er omtalt slik i Stortingsmelding nr. 48, Kulturpolitikk fram mot 2014.

”Eit nasjonalt nettverk skal leggja til rette for rasjonell arbeidsdeling og samordning, motverke konkurrerande overlapping og dermed sikra fagleg samanheng og god ressursutnytting”.

ABM-utvikling vil ha ei leiande rolle, og utpeke hovudansvarlige museum for dei einskilde enkelte nettverka. Det blir ikkje lagt opp til at  hovudansvarlige museum skal ha ei leiarrolle som pålegg eller instruerar andre.

Handlingsplan for Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap

Formålet med denne handlingsplanen er å gje eit felles utgangspunkt, og få sett i gong konkret arbeid i det Nasjonale Museumsettverket for Kulturlandskap.
Handlingsplanen vil vere eit reiskap for samordning og koordinering av musea sitt arbeid for kulturlandskapet. Planen vil og gje rammene for kva det Nasjonale Museumsnettverket for Kulturlandskap definerar inn under nettverket sitt arbeidsområde. Planen skal og danne grunnlag for prosjektsøknader.

Planen som vart laga i 2004 vart handsama av alle som var deltakande museum i kulturlandskapsnettverket på det tidspunktet. Handsaminga av planen har hatt til føremål å forankre nettverksarbeidet i leiinga til dei deltakande musea. Planen vert rullert og evaluert etter 4 år dersom det er naudsynt.

Les heile planen i vedlegget