Måndag 8. april på Musea i Sogn og Fjordane avd. De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum
Nasjonalt museumsnettverk for kulturlandskap har gleda med å invitera til eit arbeidsmøte om etablering og skjøtsel av eng på museum. Landskapet kring bygningar gjev ein større dimensjon og ein heilskap i musea si formidling, og det er difor viktig å ta hand om kulturlandskapet. Nokre museum har autentiske enger, andre har konstruert eit miljø og nokre er i ferd med å etablera enger. Felles er spørsmåla om korleis ein etablerer ei artsrik eng, kva metodar som er best å bruka ved etablering og skjøtsel og kva erfaringar ein har til no. Dette ønskjer vi å setja fokus på i dette arbeidsmøtet.