Handlingsplan for kulturlandskap

Kategori:

Handlingsplan for kulturlandskap

Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap er i ferd med å revidera handlingsplanen sin. Gjeldande handlingsplan vart laga i 2004 i samband med konstitueringa av nettverket. Det var gjort eit grundig arbeid den gong og grunnprinsippa er det difor jobba mindre med i denne revisjonen. Dvs. at kapitel 1-5 i stor grad er oppdateringar til dagens stoda og tankegang. Det som er lagt størst vekt på er kapitel VI Tiltak 2015-2020. Dette avsnittet er korleis nettverket konkret skal jobba i åra framover. Planen er no ute på høyring med høyringsfrist 1. august 2015. Planen vil også vera eit sentralt tema på samlinga i Harstad no i august der den også skal vedtakast.

Innspela til planen vert sendt til e-post: marie@misf.no eller på post til Nasjonalt Museumsnettverk for kulturlandskap, v/ De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, Vestreim, 6854 Kaupanger.