Handlingsplan
Kva er nasjonale, faglege museumsnettverk?
Oppretting av nasjonale museumsnettverk har si bakgrunn i museumsreforma frå sekelskiftet. Nettverka er ein viktig del i museumsutviklinga for å betra fagleg samordning og samarbeid, og det overordna målet er at alle musea som får statlege driftstilskot, skal bidra aktivt inn i relevante, faglege museumsnettverk.
Norsk kulturråd, tidlegare ABM-utvikling, har en viktig koordinatrolle i utvikling av nettverka, og har utarbeidd eit rammenotat, men det er musea som driv nettverka. Det er ikkje lagt opp til at hovudansvarlige museum skal ha ei leiarrolle som pålegg eller instruera andre.
Handlingsplan for Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap
Den første handlingsplanen for nettverket vart utarbeid og vedteken i 2004. I 2014 vart det sett ned ein arbeidsgruppe med mandat å utforma eit forslag på revidert handlingsplan. I arbeidet var det lagt størst vekt handlingsdelen. Planen var ute på høyring 15. juni til 1. august 2015. Planen vart handsama og vedteken på nettverkssamlinga i Harstad 2015.
Formålet med handlingsplanen er å gje eit felles utgangspunkt og få sett i gong konkret arbeid i det nasjonale nettverket for kulturlandskap. Handlingsplanen vil vere eit reiskap for samordning og koordinering av musea sitt arbeid med kulturlandskapet. Planen vil og gje rammene for kva det nasjonale nettverket for kulturlandskap definerar inn under nettverket sitt arbeidsområde. Planen skal også danne grunnlag for prosjektsøknader.