Velkommen til nasjonalt museumsnettverk for kulturlandsskap

Dyr på kulturbeite

Nettverket er eit uformelt samarbeid mellom museum og institusjonar i Noreg som ønskjer å utvikla musea sitt arbeid med kulturlandskap. Det landbruksbaserte kulturlandskapet er kjerneområdet vårt, men vi arbeider og med m.a. historiske hagar. Vi har som mål å skapa møteplassar for samarbeid og utvikling.

Med bakgrunn i museumsreforma er det etablert fleire nasjonale museumsnettverk. ABM- utvikling føreset at konsoliderte museum samarbeider i nasjonale nettverk, og at dei bidreg aktivt til utvikling og drift av desse.

I 2004 gav ABM-utvilkling De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum i oppgåva å etablera eit nasjonalt museumsnettverket for kulturlandskap. Dette gjorde vi i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Bakgrunnen til at vi fekk ansvaret er den aktive rolla som museet og høgskulemiljøet i Sogndal har hatt i det nasjonale kulturlandskapsarbeidet. Vi har samarbeidd om å utvikla kulturlandskapet på museet frå midten av 1980- talet. I starten handla samarbeidet om å etablera og vedlikehalda kulturlandskapet på friluftsmuseet. I dei seinare åra har samarbeidet vorte meir omfattande.

I prosjektet ”Kulturlandskap og museum”, som vart sett i gang i 2001, vart nye tankar om musealt vern av kulturlandskap lansert. Det er naudsynt med nytenkting for å kunna oppretthalda dei biologiske og kulturhistoriske verdiane knytt til det tradisjonelle småskalalandbruket. I tillegg til å forvalta og driva eigne eigedomar, bør eit musealt vern av tradisjonelle kulturlandskap og kulturmiljø også omfatta viktige kulturlandskapsverdiar i verneområde og i regionen elles.
Mange museum har kompetanse på historiske driftsteknikkar og eldre jordbruksreiskap, og det er stort interesse for fagfeltet i heile landet. Vi har hatt det landbruksskapte kulturlandskapet som utgangspunkt i arbeidet med kulturlandskap. Dette er også kjerneområdet i det nasjonale nettverket, men her ser ein også på kulturlandskapet i eit vidare perspektiv.

Kulturhistoriske hagar er eit tema som har vokse seg sterkare i nettverket og er no ei eiga undergruppe i nettverket. Det er etablert fleire nasjonale nettverk, og det vil vera fleire aktuelle kontaktpunkt mellom nettverka. Kulturlandskapsnettverket vil kunna ha overlappande tema med til dømes nettverk for handverk, skog og bygg.
Dette må diskuterast mellom nettverka slik at det ikkje vert gjort dobbeltarbeid. I slike tilfelle kan det vere aktuelt å samarbeida på tvers av nettverka.