1. samling i nettverket, Kaupanger 10 - 11 juni 2004
Kategori:
ABM-utvikling har gitt De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum i oppgåve å etablera eit nasjonalt museumsnettverk for kulturlandskap. Museet samarbeider med Høgskulen i Sogn og Fjordane om dette.
Kulturlandskapet har vorte eit tema på mange museum i Noreg. Kulturlandskapa er like varierte som naturen vår, men likevel finst det mange felles spørsmål og problemstillingar rundt forsking, formidling og bevaring av kulturlandskap. Korleis kan musea ta vare på kulturlandskapa? Bør nokre museum også få eit større samfunnsansvar for dei autentiske kulturlandskapa frå fortida? Korleis etablerer ein tidsrette kulturlandskap på friluftsmusea, og korleis kan musea formidla om gamle kulturlandskap og arbeidsmåtar knytt til kulturlandskapet?
Slike - og andre – problemstillingar vert sett på dagsorden på seminaret, der hovudmålet er å drøfta kva eit nasjonalt nettverk for kulturlandskap skal vera, kva innhald det skal ha og korleis ein skal arbeida i nettverket.