Samlingar i nettverket

Nettverket har ei årleg samling der vi vitjar ulike museum i det langstrakte landet vårt

16. samling i nettverket, Sunnmøre 23.-25. august 2017

Ytste Skotet
Årets samling i Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap er 23.-25. august. I år skal vi verta betre kjent med Sunnmøre. Vertsmuseum er Stiftinga Sunnmøre Museum. Dei har arbeidd fram eit interessant og variert fagprogram der vi mellom anna vert kjent med høgdegarden Ytste Skotet. Sjå meir om programmet i invitasjonen.

Fagtur til Romania i 2016

Slåttegjeng i Orodik, Romania. Foto: Leif Hauge
I august 2016 arrangerte Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap ein studietur til Romania med hovudvekt på Transylvania. Målet for turen var å oppleva eit autentisk kulturlandskap med kulturmarkstyper, tradisjonelle bygningsmiljø, element og levande arbeidsprosessar. Kulturlandskapet har mange likskapar med det historiske norske kulturlandskapet og kan gje oss nyttige innspel om praktisk formidling og forvaltninga av dette. Reisa gjekk i regi av Klunderud Natur og Kultur som har lang erfaring frå liknade turar i området. Referat frå turen finn du under vedlegg.

Nettverkssamling 23.-25.august 2017 på Sunnmøre

Ytste Skotet

Neste års nettverkssamling er lagt til Sunnmøre den 23.-25.august 2017. Vertsmuseum er Stiftinga Sunnmøre Museum med fleire interessante avdelingar. Vi vil mellom anna verte kjent med Sunnmøre Museum i Ålesund og avdelinga/høgdegarden Ytste Skotet. Invitasjon og program kjem ut i vår, men vi vil oppmoda deg å setja av datoen 23.-25.august alt no!

Sider

Abonner på RSS - Samlingar i nettverket