23. nettverkssamling i kulturlandskapsnettverket 26.-28. august 2026, Ryfylkemuseet

Header til samlinga for kulturlandskapsnettverket 2026
Det nasjonale museumsnettverket for kulturlandskap ønskjer velkomen til årets nettverkssamling. Tema for årets samling er «Museumsgarden og den immaterielle kulturarven» med Ryfylkemuseet som vertskap. Museumsgarden er ein sentral arena for formidling av kulturlandskap, men rommar langt meir enn det me kan sjå og ta på. I gardsdrifta lever tradisjonar, kunnskap og praksisar som er overleverte gjennom generasjonar, om stell av dyr, om skjøtsel og landskap, om sesongane sine rytmar og dei sosiale banda som knyter menneske til stad. Under årets samling ønskjer me å sjå nærmare på kva det vil seia å ta vare på og formidla denne kunnskapen i ein museumssamanheng. Korleis kan museumsgarden fungera som ein stad der levande tradisjonar vert haldne i hevd og gjort tilgjengelege for nye generasjonar? Og kva ansvar og moglegheiter har musea i dette arbeidet? Vel møtt til nettverkssamlinga for Det nasjonale museumsnettverket for kulturlandskap med Ryfylkemuseet som vertskap den 26.-28. august!