15. samling i nettverket, Oslo 4.-5. februar 2016

Gruppe foto, Nasjonalt museumsnettverk for kulturlandskap, Oslo 2016

Tidleg i februar hadde nettverket ei samling i Oslo. Den første dagen var det seminar med Hageforum på Naturhistorisk museum på Tøyen. Denne dagen var temaet forvaltnings- og skjøtselsplaner. Vi fekk også omvising på museet. Andre dagen hadde vi flytta oss til Bygdø Kongsgård. Vi hadde her det årlege nettverksmøtet etterfølgd av ei omvising på Bygdø Kongsgård – Norsk Folkemuseum. For meir informasjon sjå referat, foredrag og bilete.