18. samling i nettverket, Sogn 28.-30. august 2019

Samling i Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap 2019
Årets samling i Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap var lagt til Sogn. De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum var vertsmuseum. Vi vart kjent med museet, både friluftsmuseet og jordbruksutstillinga inne. Andre dagen hadde vi praktisk økt der vi laga lauvrauk og vi tok ferja over Sognefjorden og utferd til Utvald kulturlandskap Lærdal.