9. samling i nettverket, Rørvik og Sør-Gjæslingen 25 - 26 august 2010

Museet Midt IKS er eit konsolidert museum i Namdalen med avdelingane Kystmuseet (fiskeværet Sør-Gjæslingan, Norveg og Woxengs samlingar) i Vikna kommune, samt Namdalsmuseet og Norsk sagbruksmuseum Spillum dampsag og høvleri, som ligg i Namsos kommune. Nettverksamlinga vil i hovudsak vere på Norveg, Rørvik men med ein dagstur til Sør-Gjæslingan.
Temaet for denne samlinga er husdyr på museum med eigen kursdag på dette. Deltaking på samlinga er viktig for nettverksbygginga. Uformell kontakt er
kjernefunksjonen til eit nettverk, så møt opp, få fagleg påfyll og opplev naturen i vakre Namdalen!