UTVIKLING AV METODAR FOR ETABLERING OG SKJØTSEL AV KULTURLANDSKAP PÅ MUSEUM
Kategori:
Korleis kan ein etablere tidsrette kulturlandskap på museumsområde som frå naturen si side ikkje er optimale?
Korleis skal musea greie å vedlikehalde autentiske kulturlandskap? Går det an å bruke meir effektive og moderne metodar i skjøtselsarbeidet ?
Kva metodar er akseptabelt å bruke på museum?
Vi har arbeidd med desse problemstillingane gjennom konkrete tiltak på tre museum i Sogn og Fjordane.
1. Etablering av stølskulturlandskap i låglandet på Sunnfjord Museum.
2. Etablering av 1900-tals slåtteng på Nordfjord folkemuseum hundre år etter.
3. Tilbakeføre autentisk kulturlandskap på småbruket Kirketeigen (Eide) ved hjelp av moderne skjøtselsmetodar.
Dette var eit felles prosjekt for Nordfjord Folkemuseum, Sunnfjord Museum og De Heibergske Samlinger — Sogn Folkemuseum. I tillegg vil Nasjonalt museumsnettverk for kulturlandskap og Høgskulen i Sogn og Fjordane vere sentrale i diskusjonane og i formidlinga av resultat frå prosjektet.
Hausten 2006 vart det arrangert arbeidsseminar om dette.