19. Samling i nettverket, Vestland 26.-28. april 2022

nettverkssamling, Lygra, Lyngheisenteret, kulturlandskap
Då var det dags for eit nytt møte i Nasjonalt museumsnettverk for kulturlandskap. Årets nettverkssamling er den 26.-28. april i Vestland. På samlinga besøker vi Havrå og Lyngheisenteret som er del av Museumssenteret i Hordaland (MUHO). Det er to museum med spanande kulturlandskap der vi kan lære masse. Les meir om programmet i invitasjonen.

18. samling i nettverket, Sogn 28.-30. august 2019

Nettverkssamling Sogn 2019
Årets samling i Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap var lagt til Sogn. De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum var vertsmuseum. Vi vart kjent med museet, både friluftsmuseet og jordbruksutstillinga inne. Andre dagen hadde vi praktisk økt der vi laga lauvrauk og vi tok ferja over Sognefjorden og utferd til Utvald kulturlandskap Lærdal.

17. samling i nettverket, Sverresborg 18. april 2018

Nasjonalt museumsnettverk for kulturlandskap, Sverresborg

Årets nettverksmøte var lagt til Trondheim. Sverresborg museum lånte ut lokal med utstyr og tok oss med på ein omvising på museumsområdet. Årsmøtet vart kopla opp mot eit hageseminar på Lade, og mange av årsmøtedeltarane deltok på dette seminaret i regi av nettverket for gartnere i historiske anlegg og Ringve botaniske hage 19.-20. april. Les meir om nettverksmøtet i vedlagt referat.

Sider

Abonner på Nasjonalt museumsnettverk for kulturlandskap RSS