23. nettverkssamling i kulturlandskapsnettverket 26.-28. august 2026, Ryfylkemuseet

Header til samlinga for kulturlandskapsnettverket 2026
Det nasjonale museumsnettverket for kulturlandskap ønskjer velkomen til årets nettverkssamling. Tema for årets samling er «Museumsgarden og den immaterielle kulturarven» med Ryfylkemuseet som vertskap. Museumsgarden er ein sentral arena for formidling av kulturlandskap, men rommar langt meir enn det me kan sjå og ta på. I gardsdrifta lever tradisjonar, kunnskap og praksisar som er overleverte gjennom generasjonar, om stell av dyr, om skjøtsel og landskap, om sesongane sine rytmar og dei sosiale banda som knyter menneske til stad.

Velkommen til nasjonalt museumsnettverk for kulturlandsskap

Dyr på kulturbeite

Nettverket er eit uformelt samarbeid mellom museum og institusjonar i Noreg som ønskjer å utvikla musea sitt arbeid med kulturlandskap. Det landbruksbaserte kulturlandskapet er kjerneområdet vårt, men vi arbeider og med m.a. historiske hagar. Vi har som mål å skapa møteplassar for samarbeid og utvikling.

Sider

Abonner på Nasjonalt museumsnettverk for kulturlandskap RSS