Norgesgården
Kategori:
Norske museum har ei viktig rolle i å ta vare på kunnskapen om ulike gardstypar og regionale særtrekk i kulturlandskapet. Utfordringar i dagens landskap gjer at dette hastar. Kunnskapen til våre forfedre kan bli viktig i ei framtidig, meir miljøvenneleg og tilpassa landbruksdrift. Vi ønskjer i dette prosjektet å kasta lys på ulike gardar sine måtar å utnytta naturresur på, og ulike tilpassingar til lokale forhold. Seks modellgardar vert presentert: Stenberg gård, Mjøsmuseet Eidet, De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum Audamodtland, Jærmuseet Havrå, Stiftelsen Havråtunet Tuomainengården, Vadsø museum Bjørklund gård, Sør- Varanger museum Prosjektet er støtta av ABMU.
Bakgrunn
Fram til i dag har hovudfokus til musea vore bygningar, samlingar og reiskap. Mange museum er identiske med gamle gardsanlegg, medan andre er bygde opp av bygningar som er henta frå regionen og sett saman i tun. I formidlingsarbeidet til det enkelte museet er kunnskap om historia til den einskilde garden viktig. Norgesgårdsprosjektet vil setja fokus på strukturen til kulturlandskapet og ressursutnyttinga på norske gardar på ulike tidspunkt. Føremålet med prosjektet som eit nettverksprosjekt, er å utnytta og systematisera den kunnskapen som musea i nettverket har når det gjeld eigne museumsgardar (bygningar, gardstypar og reiskap) og stimulera interessa til å finna ut meir om bruken av naturgrunnlag på staden/ regionen på ulike tidspunkt. Slik kunnskap gjev mogelegheiter for å formidla kva innhald, og visuelt og økologisk uttrykk kulturlandskapet på den aktuelle garden har hatt opp gjennom tida. Når fleire museum samarbeider og formidlar kunnskapen til kvarandre, vil dette gje ei breiare forståing både kor variert og uttrykksfullt kulturlandskapet er. Innhaldet til prosjektet har gjennom forprosjektet vore styrt etter interessa til deltakande museet som samarbeider. Sentralt har det likevel vore at fokus er sett på den heilskaplege gardsdrifta og naturressursutnyttinga – profilen som har skapt både spesielle kulturlandskap og kulturmiljø. Ideen er enkel og har stor fleksibilitet og utviklingsmoglegheiter både når det gjeld talet på museum som kan delta, tema som vert teke opp og historisk djupne (tidsperiodar og endringar) .
Målsetjing
Målsetjinga med forskingsprosjektet er å auka kunnskapsnivået om ulike gardstypar i Noreg og auka medvitna om ”kulturlandskapet sin identitet”, dvs. få ei auka forståing av førebileta som vi brukar ved restaurering, etablering og skjøtsel av omgjevnadene til kulturmiljø (kulturlandskap, strukturar og kulturmarker). Den samla kompetansen hjå dei ulike musea som er med i nettverket er allereie stor når det gjeld gardstypar, og vil bli utvida gjennom dette prosjektet. Dei fleste musea har og god oversikt over sin region og sitt fylke. Dette er kunnskap som gjennom prosjektsamarbeidet vil kunne gje eit utal av forskingsmoglegheiter, ikkje minst for musea sjølve. Prosjektet har som mål å samla inn og systematisera denne kunnskapen slik at eventuelle regionale særtrekk og kan setjast inn i ein større, nasjonal samanheng.
Prosjektet ønskjer og å finna fram til løysingar på korleis stadidentiteten kan bli uttrykt i dagens forvaltning av verdifulle kulturlandskap.
Prosjektet har følgjande hovudmål:
1. Gjennom studium av eit utval av norske museumsgardar å auka kunnskapen om naturressursutnytting, kulturlandskapsstrukturar og kulturmarker i ulike regionar, samt å klargjere ulike påverknadsfaktorar.
Delmål:
a) Å vurdera identitet (særpreg) versus representativitet på to nivå: 1) Gardstypen (som sådan) i seg sjølv (?) i regionen, og 2) kva denne gardstypen fangar opp av kulturlandskap og kulturmarker som elles er vanlege i regionen. b) Å synleggjera den rolla som lokale og regionale museum kan får som forvaltar og formidlar av kunnskap om kulturlandskap og kulturmarker, og som referanseområde gjennom utarbeiding av konkrete skjøtselsplanar for den enkelte museumsgarden som deltek i prosjektet. Prosjektet starta opp i 2009, og er eit fleirårs prosjekt.