Samlingar i nettverket

Nettverket har ei årleg samling der vi vitjar ulike museum i det langstrakte landet vårt

15. samling i nettverket, Oslo 4.-5. februar 2016

Gruppe foto, Nasjonalt museumsnettverk for kulturlandskap, Oslo 2016

Tidleg i februar hadde nettverket ei samling i Oslo. Den første dagen var det seminar med Hageforum på Naturhistorisk museum på Tøyen. Denne dagen var temaet forvaltnings- og skjøtselsplaner. Vi fekk også omvising på museet. Andre dagen hadde vi flytta oss til Bygdø Kongsgård. Vi hadde her det årlege nettverksmøtet etterfølgd av ei omvising på Bygdø Kongsgård – Norsk Folkemuseum. For meir informasjon sjå referat, foredrag og bilete.

14. samling i nettverket, Harstad, 26.-28. august 2015

Båttur med Anna Rogde, foto Harriet Olsen

I august hadde vi ei flott nettverkssamling i Harstad med omland. Trondenes historiske senter var vertsmuseum og dei tok oss med på ein reise i Harstad og Kvæfjord kommune.

Vi fekk lære kjenne fleire avdelingar i Sør-Troms museum og område dei jobbar med. Kulturlandskapet var variert og strakte seg frå vikingtid og fram til moderne tid. Vi fekk sjå både samisk og norsk lemningar. Les meir om samlinga i referatet og sjå bileta frå turen.

13. samling i nettverket, Lillehammer 25. – 27. augst 2014

Årets samling i kulturlandskapsnettverket vart i år lagt til Lillehammer med Maihaugen som vertsmuseum. Vi fekk høve å verta godt kjent med Maihaugen og andre avdelingar i stiftinga Lillehammer museum, men også med byen Lillehammer og kringliggjande landskapet. Programmet var variert, og vi fekk nokre flotte dagar her! Sjå referat frå samlinga....

Sider

Abonner på RSS - Samlingar i nettverket